Barna først sin konsert i Førdehuset var kjempeflott! Ei svært viktig sak fekk støtte av mange musikk- og dansetalent frå Førde. Meir informasjon om aksjonen finn du her: http://www.barna1.no/.
Fride var ei av dei sang på konserten. Her er hennar bidrag:
Hallaien....lenge sidan!
Kanskje mest fordi det ikkje har skjedd så forbaske mykje bloggverdig.... Uansett! Det var særdeles godt å starte på jobb igjen. Kjekt å møte att kollegaer og komme igang med alt det spennande vi skal gjennomføre dette året. Elles....? Badet er framleis ikkje ferdig. Eg er nesten litt flau over framdrifta, men no skal eg sette inn støytet. Skal nok bli fort ferdig når eg først får ånda over meg.

Fride har vore heime i ein månad etter turen til Dallas. Det var litt løye å få ho heim. Trur nok ho sakna leiren og alle vennene. Denne helga er ho i Sogndal på treff med resten av delegasjonen - det trur eg må bli supert. Det er stort å sjå alt ho har lært denne sommaren.
Ida går det veldig bra med. Ho er full, ja eg meinar full, av energi. Nesten som det tek pusten frå alle oss andre. Vagusstimulatoren som ho fekk innoperert i mai har hatt ein voldsom efekt, og vi har fått eit anna barn. Framleis er det eit langt lerret å bleike før den er ferdig innstilt - vi kryssar fingrane for at utviklinga skal halde fram.
Sivert har debutert som songar. Frå ein litt nølande start i koret til musikkskulen på Flatene, vart han headhunta til gutekoret i kyrkja. Det er han rimeleg stolt over. Det var eit syn å sjå guten stå på korøving med blikket stivt mot permen full av notar og engelske tekstar - utan å skjøne noko av det som står der. Han tok sangane på "Lalala..."
Dei siste vekene har vi og fått med oss ein barnedåp og eit bryllup. Begge begivenheitene var ei oppleving å vere med på. Dåpen til Thomas og bryllupet til Mette og Andreas var flotte og gode stunder. I dåpen til Thomas var Stine og eg fadderar - absolutt ei ære å bli spurt.I bryllupet var eg viservert - noko eg ikkje hadde den ringaste aning om kva var, og korleis det skulle gjerast. Rimeleg nervøs var eg, men det var eit steikande artig bryllup. Stine hadde logistikken på kjøkenet. Utruleg kjekt med bryllup. Det er altfor få som har store bryllup!
Elles kan eg nemne at eg no er eigar av ein forferdeleg flott ny dings. Denne gongen var det naboen Arne, som er uhelbredelig sjuk av same sykja som eg, som drog duppedingsen innom landegrensene. Eg er no den stolte eigar av ei flunkande ny linse til kameraet, ei linse som i eitt kan takle brennvidde frå 18 til 200 millimeter, og som er så lyssterk at den syner solskin i tungt vestlandsvær. Arne, som tilbringa sommarferien i USA, gjorde den store og viktige oppdaginga av at fotoutstyr er billeg i USA. Takk til han!

No er det fredagskveld og eg ligg på sofaen og bloggar. Stine er ute med kollegaer, medan eg er heime med Sivert og Ida. Ganske godt med fredag!
Fride på heimveg
Fire veker på CISV-leir over, og Fride sit i skrivande stund på flyet frå Dallas til Amsterdam. Ventetida for oss her heime er snart over, og i morgon tidleg set vi oss i bilen for å køyre til Flesland og hente ho der. Dani, mora i den første vertsfamilien, køyrde delegasjonen til flyplassen i dag. Ho melde på Facebook at det var med blande kjensler deltakarane reiste frå leiren i dag. Frykteleg trist å skiljast med det som er vorten nære og gode vener - frykteleg kjekt å vere på veg heim til familien. Fride er vorten god ven med ei jente frå Costa Rica, og det er klart det er rart å skiljast når dei veit at det er små sjansar for at dei to skal møtast att. Men kven veit?


Forrige helg var dei på besøk til ei ny vertsfamilie. Etter dei kom attende til leiren har dagane gått med til ulike aktivitetar der fred og internasjonal forståing er tema. Eg er enormt imponert over kreativiteten leiarane syner ved å lage forskjellige aktivitetar og pedagogiske opplegg, der målet om forståing for kvarandre og god samhandling er hovudmålet.


Forrige helg var dei på besøk til ei ny vertsfamilie. Etter dei kom attende til leiren har dagane gått med til ulike aktivitetar der fred og internasjonal forståing er tema. Eg er enormt imponert over kreativiteten leiarane syner ved å lage forskjellige aktivitetar og pedagogiske opplegg, der målet om forståing for kvarandre og god samhandling er hovudmålet.
Fredag hadde dei bytedag. Alle delegatane hadde med seg forskjellige gjenstandar frå eige land som dei kunne byte med andre deltakarar. Fride hadde handla inn forskjellige norske effektar, og ut i frå bilete kan vi sjå ho var aktiv i byttinga. Folkedrakta ho hadde med seg reknar eg og med er bytt i ei folkedrakt frå eit anna land.

Sivert og Ida har og sakna søstera desse vekene. Ida på si side lurer på om Fride snakkar norsk når ho kjem heim, og er nok litt nervøs for at ho skulla kunna nokre engelske gloser om behovet skulle oppstå. Forrige helg fekk vi epost frå vertsfamilien. Der skreiv dei på amerikansk vis om kor kjekt det var å ha besøk av Fride og kor gode manerar ho hadde. Då vi las dette til Sivert måtte han tørke ein liten tåre i augekroken. Vi spurde han om han sakna Fride så mykje. - Ja det og, men det med gode manerar var grådig godt å høyre, svara han. Vi får tru han tek det med seg når han ein gong skal ut og representere.
Det vert spennade å møte ho på Flesland i morgon. Høyre om alt ho har opplevd, alt ho har sett, vener ho har fått og alt ho har lært. Fride er ein "pratar", og vi reknar med at vi får høyre om det meste. Vi gler oss!

Sivert og Ida har og sakna søstera desse vekene. Ida på si side lurer på om Fride snakkar norsk når ho kjem heim, og er nok litt nervøs for at ho skulla kunna nokre engelske gloser om behovet skulle oppstå. Forrige helg fekk vi epost frå vertsfamilien. Der skreiv dei på amerikansk vis om kor kjekt det var å ha besøk av Fride og kor gode manerar ho hadde. Då vi las dette til Sivert måtte han tørke ein liten tåre i augekroken. Vi spurde han om han sakna Fride så mykje. - Ja det og, men det med gode manerar var grådig godt å høyre, svara han. Vi får tru han tek det med seg når han ein gong skal ut og representere.
Det vert spennade å møte ho på Flesland i morgon. Høyre om alt ho har opplevd, alt ho har sett, vener ho har fått og alt ho har lært. Fride er ein "pratar", og vi reknar med at vi får høyre om det meste. Vi gler oss!
om været og Dallas
Denne veka gjekk vi inn i hundedagane. Tidlegare generasjonar av værkyndige folk sa at det været ein hadde ved inngongen til desse, kom ein til å plagast med i ein månad. Det lovar ikkje godt. Endå verre vert det når dagens meteorologar seier at dette er eit av dei gamle værteikna som ser ut til å ha noko for seg. Det er då ein synk så langt ned i værdepresjonen at ein byrjar å pusse opp bad.

Den norske delegasjonen er klar til å ta i mot gjester ved sin stand på Open day.

Godt å slappe av mellom øktene. Temperaturen ligg på vel 40, så vassflaskene er nok heilt naudsynte.

Her har dei pynta seg og er i gang med gallakveld.
Nei, då er det heilt annleis i Texas, naturlegvis. Der ligg temperaturen på kring 40 grader og sola steiker frå ein knallblå himmel. Fride går no inn i si siste veke i Dallas. Denne helga hadde dei open leir der vertsfamiliar og CISV-medlemmer frå området var på besøk. Laurdag ettermiddag reiste ho og Alexandra frå Costa Rica på besøk til ei ny vertsfamilie - familien Ouellette. Der skal dei vere til måndag. Vi fekk epost av Mrs. Ouellette i kveld. På programmet stod det shopping og rodeoshow. Det vert nok midt i blinken for Fride. Denne veka har vi òg fått både brev og postkort frå familiens reisande. Det er veldig kjekt. Ho skriv om alt ho opplever og alle dei gode venene ho har fått på leiren. "Eg nyt kvart sekund", skriv ho blant anna. Det er godt for oss å lese.

Den norske delegasjonen er klar til å ta i mot gjester ved sin stand på Open day.

Godt å slappe av mellom øktene. Temperaturen ligg på vel 40, så vassflaskene er nok heilt naudsynte.

Her har dei pynta seg og er i gang med gallakveld.
Når været er så dårleg er det nesten - nesten - godt at eg har eit bad å pusse opp. Det nye taket er på plass og i morgon skal dei nye platene opp - i alle høve nokre av dei. Til den prisen burde dei eigentleg vere sjølvmonterande.
Alle pussar opp!
Innleiingsvis vil eg først seie at som fiskar har eg av mange vore sterkt undervurdert over år, også av meg sjølv. Sist fredag la svigerfar, Sivert og eg kurs for Holmevika og torskefiske. Der tok vi fire torskar på rappen. Dette sikra oss middag i fleire dagar - og eg kjenner på mange måtar at no er jaktgenet kalibrert.
Denne veka har det dårlege været kalla fram det verste i meg. Det går faktisk an å kjede seg så inn i hampen i uværet at ein får lyst til å pusse opp noko. Badet vårt, som no er det ein kan kalle eit retrobad, er offeret denne gongen. Der skal eg jammen både flise og plate så mykje at det nesten ikkje skal vere sjanse til å kjenne seg att der inne. Ikkje noko av dette har eg gjort før, og som akademikarar flest er eg heilt nøydd å lese meg til det først. Hittil har eg skjønt at i denne prosessen er det viktig å halde seg unna våtromsfanatikarar som har eit nærast paranoid forhold til fukt - desse som får rykningar av eit vassglas på veg inn i tørrsona. Det er viktig å halde seg med oppmuntrande folk i tunge prosessar.Eigentleg er eg tilhengar av idéen om at alt som fungerer ikkje skal rørast. Slik sett fungerer badet bra, men no var det altså berre å å gå laus - også på det som fungerer. Stine og eg trudde det var ein original idé å nytte ferien til slikt, heilt til vi såg Dagsrevyen i kveld. Der sa dei at det at nordmenn pussar opp når ferieværet vert dårleg, ja det er visst eit typisk sommarfenomen! Jaja, så er vi som folk flest.

No er det ei stund sidan vi har høyrt frå Fride. Leiar Sven sende epost forrige måndag, men etter den tid har det vore stille. Vi trålar nettstaden til leiren kvar dag for å få eit lite glimt av ho på bilda dei legg ut. Vi synest sjølvsagt at det er altfor langt mellom bilda der Fride er med, men slik har vel om lag 56 andre foreldrepar over heile verda det og. Til helga skal ho og ei anna jente på besøk til ei ny vertsfamilie. Det vert nok spennande, og vi håpar vi høyrer meir då. No er dei godt over halvvegs i opphaldet, og vi er begynt å telje dagane til ho kjem att! Vi gler oss til å høyre om alt ho har opplevd!
Dallas og Son
Medan Fride nyt leirlivet i 40 graders varme, har vi andre i familien slege i hel nokre dagar austafjells. Vi reiste saman med familien Sande og tok av frå Førde laurdag morgon. Første stopp på reisa var Gol - midt i det dei sjølv definerer som Per Gynt's rike. Der var det bading under kaotiske tilstandar i Tropicana, og overnatting på Gol appartmenthotell. Søndag gjekk turen vidare til Oslo.Mennene tok ansvar og tok med seg bilane, medan damene tok den enkle varianten og tok tog ilag med barna. Vel framme i Oslo var det tid for forfriskingar på operataket. Deretter gjekk turen oppover stripa på Karl Johan. Denne strekninga er vorten eit langt og sørgeleg syn, og er ikkje eit land som Noreg verdig. Det er somme tider så langt mellom klare blikk på denne gata, at ein vert reint redd. Vi forlet derfor Oslo meir nedstemte enn opprømte søndag kveld. Huset til Kongen fekk vi likevel sjå, utan at det gjorde vidare inntrykk heller. Oslo treng ei opprydding.

Vi var litt spente på hotellet eg hadde booka. Bookinga mi på Gol var ikkje heilt topp... Ein liten times tur sørover E6 er lang om ein har bange anelsar.
Denne gongen slo eg verkeleg til, om eg så må seie det sjølv. Quality Son spa og resort er eit fantastisk hotell. Heilt nytt med stor badeavdeling og store suiter. Vår suite var på kring 30 kvadratmeter med balkong og utsikt over båthamna berre nokre meter unna.
Glimrande! Når du er så nær grensa, er det heilt naturleg å leggje turen innom Sverige. Det gjorde vi måndag. I eit forrykande regnvær sprang vi mellom systembolaget og leikeforretningar i Strømstad. Det var litt synd - Strømstad er ein fin by. Med kvoten og vel så det, trilla vi attende til Noreg og hotellet i Son. Det er og naturleg å leggje turen innom om Tusenfryd når ein er på desse kantar av landet. Det burde det ikkje vere. Denne gigantiske pengemaskina framstår meir og meir som akkurat det - ei gigantisk pengemaskin. Sivert og eg tok loop'n. Ida og Stine tok tømmersklia. Det var derfor herleg å vende attende til hotellet og nyte goda i badeavdelinga der.

Son sentrum er ein klassisk gammal handelstad. Bebyggelsen består stort sett av gamle trehus i svært god stand. Rett koseleg var det der. For ein som er litt over middels båtinteressert , er nok dette eit paradis. Her vil eg attende. Onsdag gjekk turen attende til Førde. Fire trivelege dagar i triveleg selskap var til endes.
Fride er no halvvegs i si andre leirveke. Leiar Sven melder om stor trivsel, men litt sjukdom. Varme, lite drikking og framand mat har slege delegasjonen ut litt i starten, men no er dei på beina igjen. Det er bra! Måndag hadde dei National night for Noreg. Då hadde Fride og dei andre førebudd program med song, drama og dans som er typisk for vårt land. Der serverte dei Freia melkesjokolade og delte ut sjølvlaga smykker med perler i norske fargar og kronestykke. Dani, kona i vertsfamilien som ho besøkte første dagane, var tilstades og sende oss mange bilde frå denne kvelden. Ut frå desse ser vi at det var høg stemning når nordmennene prøvde å lære dei andre deltakarane polka. Det er ikkje fritt for at tankane streifar innom Fride og leiropphaldet mange gangar dagleg - kva gjer dei no, har ho det bra? I dag har vi sendt både snailmail og email til ho. Det var rart å reise på tur utan Fride.
Trur det blir lange dagar til ho kjem heim....

Heilt Texas
Då er Fride vel framme i leiren Camp Whispering Cedars. Etter tre fantastiske dagar hjå familien Butowsky, er dei no klare for å ta fatt på leirlivet. I leiren møter dei 14 andre delegasjonar og dei vil stifte bekjentskap med barn frå Belgia. Brasil, Costa Rica, Colombia. Tjekkia, India, Thailand, Danmark, Tyskland, Italia, Peru, Spania, Tyrkia og USA. Det skulle borge for mange spennande bekjentskap.
No går det vel ei stund før vi høyrer meir frå Fride, men reknar med at Sven kjem til å sende nokre epostar med ujamne mellomrom. Medan vi ventar på nyhende frå familiens langvegsfarande, dreg vi andre ein tur austover. Der er det meldt sol og sommar, også neste veke. Alle reiser til Hellas i år, Pharos eller Antipharos. Vi dreg til Antivestfold, med andre ord Østfold. Son spa og resort, heiter det visst. Det er ein sånn plass der du er usikker på om agurken i frukostsalen skal etast eller leggjast på augelokka, men det finn eg nok ut av.

Delgasjonen avsluttar opphaldet hjå familien Butowsky.

Dei tek farvel med Lauren Butowsky (midten), og veninnene hennar. Blant anna Caroline frå Oslo.

Her saman med Dani og Ed Butowsky.

Sjølvsagt litt shopping....

Vel framme i leirområdet.

Velkomstplakaten på leirområdet.
No går det vel ei stund før vi høyrer meir frå Fride, men reknar med at Sven kjem til å sende nokre epostar med ujamne mellomrom. Medan vi ventar på nyhende frå familiens langvegsfarande, dreg vi andre ein tur austover. Der er det meldt sol og sommar, også neste veke. Alle reiser til Hellas i år, Pharos eller Antipharos. Vi dreg til Antivestfold, med andre ord Østfold. Son spa og resort, heiter det visst. Det er ein sånn plass der du er usikker på om agurken i frukostsalen skal etast eller leggjast på augelokka, men det finn eg nok ut av.

Delgasjonen avsluttar opphaldet hjå familien Butowsky.

Dei tek farvel med Lauren Butowsky (midten), og veninnene hennar. Blant anna Caroline frå Oslo.

Her saman med Dani og Ed Butowsky.

Sjølvsagt litt shopping....

Vel framme i leirområdet.

Velkomstplakaten på leirområdet.
Fride i "Junaiten"
Fride lever tilsynelatande livets glade dagar "over there". Ho har nok hamna mitt i smørauget desse første dagane der dei vart mottekne av familien Butowski. Sunnfjordingen Sindre går straks inn og googlar "Ed Butowski". Det syner seg at han er ein relativt kjent TV-kommentator i høve til økonomi. Eg er sikker på at han og Fride har mange felles interesser.

Her er gjengen klar til spetakkel i bandelandet.
Her er jentegjengen. Fride sit på fanget til dottera i familen Butowski.
Familein har samla alle sine norske bekjentskap desse dagane, der alle er norske eller har norsk avstamning. Det kan vel vere ein grei overgang.
3d-movie "Up"
To gode turkameratar: Fride og Hanna

Desse bileta burde vi sladde for bestemødre.

....men det ser ut til at dei kom ned heilskinna.
Kanskje ein tanke for Førdehuset?
I dag har turen gått vidare til leirområdet "Camp Whispering Cedars" der dei skal møte dei andre 12 nasjonane. Det blir nok spennande. Vi får ikkje lov til å snakke med Fride under opphaldet. Dette for å unngå heimlengsel. Det er litt rart. Vi er alltid van med at vi kan ringe, sende epost osv. Slik er det ikkje her. All kontakt går gjennom leder Sven, som porsjonerer epostar og brev ut etter behov. Heilt sikkert gode pedagogiske og psykolgiske tankar bak, men det hadde no vore artig å prata med ho. Under ser de bilda Dani Butowski sende til oss i ettermiddag - trur nok dei kosar seg, ja. I følgje YR.NO hadde Dallas i dag 37 grader, noko som absolutt skulle passe til å besøkje eit badeanlegg.

Her er gjengen klar til spetakkel i bandelandet.

Her er jentegjengen. Fride sit på fanget til dottera i familen Butowski.

Familein har samla alle sine norske bekjentskap desse dagane, der alle er norske eller har norsk avstamning. Det kan vel vere ein grei overgang.

3d-movie "Up"

To gode turkameratar: Fride og Hanna

Så er dagen i badelandet igang.

Desse bileta burde vi sladde for bestemødre.

....men det ser ut til at dei kom ned heilskinna.

Kanskje ein tanke for Førdehuset?

Her har altså dottera vår fere ned i full fart.... Nesten godt eg ikkje visste det på førehand.


